Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKristoffersen, Siri Hege
dc.date.accessioned2006-06-29T11:01:37Z
dc.date.available2006-06-29T11:01:37Z
dc.date.issued2001-12
dc.identifier.isbn82-491-0178-2 (trykt versjon)
dc.identifier.issn0803-4036
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/164603
dc.description.abstractFøremålet med denne oppgåva er å finne ut korleis prissetjing blir påverka av at konsumentar er heterogene med omsyn på kor godt informerte dei er om relevante tilhøve i marknaden og anvende denne teorien på den norske marknaden for mobil telefoni. Eg har presentert tre teoretiske modellar; ein for monopolistisk konkurranse, ein for monopol og ein for oligopol. Med tanke på marknadsform er ikkje monopolmodellen relevant for mobiltelefonimarknaden, men den er nyttig som eit samanlikningsgrunnlag for dei to andre modellane. Dei teoretiske modellane har ulike føresetnader om korleis konsumentane søker. Grunnmodellen, som går ut frå monopolistisk konkurranse, byggjer på at det finst to grupper konsumentar. Den gruppa av konsumentar som tilegnar seg informasjon, oppnår full informasjon, medan den andre gruppa ikkje innhentar informasjon i det heile. Dei to andre modellane byggjer på ein sekvensiell søkeprosess, og denne er intuitivt meir relevant for den marknaden eg tek føre meg. Men resultata blir ikkje så veldig forskjellige, til tross. Spesielt predikerer oligopolmodellen resultat som skil seg frå ordinær oligopolteori. Det mest interessante er at når talet på tilbydarar aukar, går prisen opp som følgje av at konsumentane ikkje er perfekt informerte. I den norske marknaden for mobile teletenester eksisterer til dels stor grad av prisspreiing. Ser ein alle segmenta under eitt, varierer prisspreiinga frå 25 til over 300 prosent. Dette kan berre vera muleg dersom det finst grupper av konsumentar som ikkje har full oversikt over dei prisar og priskombinasjonar som finst. Eit av dei mest interessante funna er at det er til dels store skilnader mellom prisane til aktørar i Telenor og NetCom sine nett. Grunnen til dette er den store forskjellen i storleiken på dei to netta. Med den prisstrukturen som er vanleg i denne marknaden må tilbydarane i NetCom sitt nett vera betre på pris for å kompensere for at konsumenten har færre han kan nå i eige nett.en
dc.format.extent462502 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.publisherSNFen
dc.relation.ispartofseriesRapporten
dc.relation.ispartofseries2001:54en
dc.titlePrising og uforstand : ein analyse av prissetjing med ufullstendig informerte konsumentar i den norske marknaden for mobiltelefonien
dc.typeResearch reporten


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel