Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGaudernack, Jonas
dc.contributor.advisorOlsen, Carmen
dc.contributor.authorHeggøy, Aina Vårdal
dc.contributor.authorHvidevoll, Ruth Evelyn Sørheim
dc.date.accessioned2016-09-01T10:31:12Z
dc.date.available2016-09-01T10:31:12Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2403368
dc.description.abstractRegulatorar verda over har uttrykt bekymring for mangelfull utøving av revisor sin profesjonelle skepsis i gjennomføring av revisjonsprosedyrar og evaluering av revisjonsprov. Å utøve profesjonell skepsis inneber at ein stiller spørsmål og er merksam på forhold som kan indikere mogleg feilinformasjon. Profesjonell skepsis er essensielt innan revisjon, og ein mangel på det kan føre til redusert revisjonskvalitet. Sjølv om profesjonell skepsis er viktig, er det eit omstridd omgrep. Medan nokon hevdar at det er ei haldning, meiner andre at det er ein personleg eigenskap. I vår studie undersøkjer vi om bruk av bevisstgjering saman med ekspertvurdering kan påverke revisor si utøving av profesjonell skepsis. Ei ekspertvurdering vert inkludert fordi Finanstilsynet nyleg har uttrykt bekymring for manglande bevisstheit til korleis ein skal bruke spesialkompetanse. Ved hjelp av eit 2 (ekspertvurdering/ingen ekspertvurdering) x 2 (bevisstgjering/ingen bevisstgjering) eksperimentelt design studerer vi effekten på revisor si skeptiske haldning til ein klient og ein ekspert. Effekten vert målt i tre evalueringsresponsar som til saman utgjer haldninga profesjonell skepsis. Til studien brukte vi studentar ved Noregs Handelshøgskole (NHH) og BI Oslo som surrogat for revisorar. For å sikre tilstrekkeleg kunnskap hjå studentane stilte vi eit minstekrav om gjennomført innføringskurs i revisjon. Studien gav ingen resultat av signifikans frå bevisstgjeringa, men tilleggsfunn viste at skeptisk haldning av natur, her representert ved Hurtt score, hadde innverknad på den skeptiske haldninga. Dette funnet er eit bidrag i retning mot at profesjonell skepsis er ein personleg eigenskap framfor ein tilstand. Med fokus på revisor sine personlege eigenskapar, kan vidare forsking undersøkje korleis utøvingsgrada av profesjonell skepsis kan aukast ved hjelp av manipulasjon, andre enn bevisstgjering.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectprofesjonell skepsisnb_NO
dc.subjectekspertvurderingnb_NO
dc.subjectbevisstgjeringnb_NO
dc.subjecthurtt scorenb_NO
dc.titleKan bevisstgjering brukast som eit verkty til å auke revisor si utøvingsgrad av profesjonell skepsis? : ein eksperimentell studienb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodenhhmasnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel