Show simple item record

dc.contributor.advisorKnivsflå, Kjell Henry
dc.contributor.authorDale, Elena
dc.contributor.authorAsk, Victoria Røed
dc.date.accessioned2017-09-01T10:27:03Z
dc.date.available2017-09-01T10:27:03Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2452728
dc.description.abstractMålet med masteroppgåva er å estimere eigenkapitalverdien til Nova Sea AS, heretter Nova Sea, per 31.12.2015, og synleggjere uvissa i verdiestimatet. Dette vert gjennomført ved å nytte teknikken fundamental verdivurdering, supplert med komparativ verdivurdering. Det fundamentale verdiestimatet per aksje i Nova Sea er 11 227 kr. Estimatet gjev eit pris/bokforhold på 2,8, som viser at verksemda skaper tydelege meirverdiar. Dette er konsistent med at den strategiske rekneskapsanalysen avdekkjer ein historisk strategisk fordel på 23,5 %, som skuldast både ein bransjefordel og ein ressursfordel. Hovudårsaka til den strategiske fordelen er ressursfordelen, som skuldast ein marginfordel grunna lågare varekostnader. Ressursane «lokalt eigarskap» og «lokasjonsval» gjev opphav til den interne ressursfordelen, og dannar grunnlaget for meirverdiane til Nova Sea. Verdiestimatet gjev eit pris/forteneste-forhold på 10, som er lågt samanlikna med eigenkapitalkravet. Dette heng saman med at strategisk fordel fell på horisonten, grunna at konkurransekreftene verkar. Framvekst av hav- og landbasert oppdrett er venta å auke den interne rivaliseringa framover, slik at bransjefordelen går mot null på horisonten. Den strategiske fordelen til Nova Sea stabiliserer seg på 5,3 %. Hovudårsaka til den varige fordelen er ein rein ressursfordel på 3,0 % knytt til ressursen «lokalt eigarskap». Justering for kort konkursrisiko gjev eit verdiestimat per aksje på 11 205 kr. Uvissa i verdiestimatet vert synleggjort ved gjennomføring av simulerings- og sensitivitetsanalyse. Analysen av uvisse viser ein variasjonskoeffisient på 30 %, og avdekkjer at det er utviklinga i netto driftsmargin på mellomlang sikt som er mest kritisk for verdiestimatet. Estimatet basert på komparativ verdivurdering er 15 818 kr per aksje, som tilseier at det fundamentale verdiestimatet undervurderer meirverdiane til Nova Sea. Ved å vekte det konkursjusterte estimatet på 11 205 kr per aksje med komparativt estimat, er det endelege verdiestimatet per aksje i Nova Sea 12 358 kr.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectøkonomisk styringnb_NO
dc.titleNova Sea AS : strategisk rekneskapsanalyse og verdivurderingnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodenhhmasnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record