Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGjesdal, Frøystein
dc.contributor.authorGrimsbø, Bendik
dc.contributor.authorLunde, Markus
dc.date.accessioned2020-03-02T10:12:40Z
dc.date.available2020-03-02T10:12:40Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2644584
dc.description.abstractI masterutgreiinga er det gjennomført strategisk rekneskapsanalyse og verdivurdering av AKVA Group ASA, med føremål om å lage eit estimat på eigenkapitalverdien i selskapet. Som verdsetjingsteknikk er fundamental verdivurdering nytta. Ettersom det endelege verdiestimatet byggjer på ei usikker strategisk utvikling er det avslutningsvis gjort ei grundig analyse og drøfting av uvissa i estimatet. Verdivurderinga kan overordna delast i tre. I den første delen er selskapet og bransjen presentert, og det blir særleg lagt vekt på utviklingstrekk ved bransjen og kva slags utfordringar ein står overfor i tida framover. Vidare blir det gjort ei strategisk analyse av interne og eksterne forhold som påverkar AKVA Group og resten av bransjen. Blant anna blir det peika på myndigheitene si strenge regulering av oppdrettsbransjen, uløyste biologiske utfordringar og overgangen til landbasert oppdrett som viktige forhold. I tillegg er det i analysen vist til ein sterk kunde-leverandør-relasjon og ein liten og spesialisert marknad som viktige grunnar til at etableringslysta for eksterne aktørar er låg. Den strategiske analysen etterlet likevel eit inntrykk av stor uvisse knytt til korleis bransjen vil utvikle seg. Grunnen til dette er særleg dei mange uløyste utfordringane som gir moglegheiter for innovative aktørar. Analysen avdekker ingen varige ressursfortrinn for AKVA Group, men ser altså moglege bransjefordelar på sikt. Innleiingsvis i del 2 blir det gjennomført omgruppering og justering av rekneskapen slik at denne blir meir investororientert. Deretter er det gjennomført kvantitative analysar av historiske tal, som avdekker at AKVA Group i perioden 2014-2019 har hatt ein strategisk fordel på ca. 7,8 %. I del tre av utgreiinga blir det utarbeidd framtidsrekneskap med utgangspunkt i strategisk rekneskapsanalyse. Dette betyr at resultata frå den strategiske analysen i del 1 og dei kvalitative analysane i del 2 vert nytta til å anslå framtidig vekst i sentrale budsjettdrivarar. Vidare blir framtidige avkastingskrav klarlagd, før det endelege verdiestimatet blir rekna ut. Estimatet på eigenkapitalverdien er 101,3 kr. per aksje. Simulerings- og sensitivitetsanalysar viser uvisse i estimatet, men det er likevel konkludert med ei kjøpsanbefaling på aksjen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectrekneskapen_US
dc.subjectrevisjonen_US
dc.titleStrategisk rekneskapsanalyse og verdivurdering: AKVA Group ASAen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodenhhmasen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel