«Vi skyt litt i alle retningar» : Rektor si skildring av handlingsrommet i arbeid med elevar sitt skulenærvær
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3160107Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master Thesis [4490]
Sammendrag
Masteroppgåva vår er basert på ein kvalitativ studie som undersøkjer rektorar sitt
handlingsrom i arbeid med elevar sitt skulenærvær. Vi har sett på korleis rektorar sjølve
skildrar sitt arbeid med saker knytt til skulefråvær, og korleis dei jobbar for elevar sitt
skulenærvær. For å svare på problemstillinga har vi nytta intervju som metode, og vi har
intervjua sju rektorar i Noreg.
Som eit teoretisk rammeverk i oppgåva har vi støtta oss til forsking knytt til leiing, samt sett
på korleis kontekst påverkar rektorar sitt handlingsrom. Gjennom studien har vi utvikla ein
modell for å skissere rektor sitt handlingsrom. Vi har lagt vekt på korleis rektorar snakkar om
tematikken, og i den samanheng har det vore naudsynt å drøfte språk og omgrep knytt til
temaet.
Vi er sjølve skuleleiarar, og opplever i praksisfeltet at elevar har eit større omfang av
skulefråvær no enn tidlegare. Samstundes ser vi at rektorane er usikre på korleis dei skal
handtere desse sakene, og som ein av informantane våre sa: «Vi skyt litt i alle retningar». Både
Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet har peika på at det er behov for betre
oversikt over omfanget av saker ute i skulane. 1.august 2024 trer den nye opplæringslova i
kraft, og frå denne dagen er kommunane pliktige til å setje inn tiltak dersom elevar har
skulefråvær.
Vi har analysert funna våre opp mot relevant teori. På bakgrunn av analysen vil vi peike på at
det er behov for vidare forsking på området, samt tydelegare rammer frå styresmaktene. Det
er behov for eit felles språk innan denne tematikken, og det må verte avklart korleis vi skal
forstå desse sakene. Tilsette i skulen treng klare føringar for å lukkast i arbeidet med elevar
sitt skulenærvær.