Opsjonsbasert avløning av leiarar
Abstract
Denne oppgåva ser på aksjebasert avløning av leiarar, avgrensa til tildeling av opsjonar til leiarar. Først vert arbeidskontrakta mellom leiar og selskap drøfta i lys av prinsipal- agentteori. Så følgjer ein diskusjon om ulike kriterier for avløning, som rekneskapstal og aksjekurs. Deretter konsentrerer eg meg om opsjonsteori og nytteteori for å gi lesaren eit grunnlag for å setje seg inn i opsjonsprisingsmodellen til Hall & Murphy. Så held eg fram med å analysere opsjonsprogramma til Schibsted, Telenor og Orkla. Oppgåva vert avslutta med ei verdsetjing av opsjonane tildelt konsernsjefen i Orkla.