Konkurranseutsetting i offentlig sektor : Luranetunet i Os kommune
Master thesis
View/ Open
Date
2006-05-15Metadata
Show full item recordCollections
- Master Thesis [4491]
Abstract
Denne oppgåva belyser konkurranseutsetting av offentlege tenester. Eg har nytta Os
kommune i Hordaland som analysegrunnlag, og har freista å finne ut kva
konkurranseutsettinga har tyda for kommunen ved å nytte økonomiske teoriar. Eg har spesielt
gått i djupna i prosessen rundt konkurranseutsettinga av sjukeheimen Luranetunet.
Motivasjonen bak konkurranseutsettinga var generelt eit ønske og behov for å redusere
kostnadar, utan at dette skulle påverka kvaliteten i negativ retning eller gi ulemper for
medarbeidarane på sjukeheimen. Resultatet har vore at kommunen har fått rydda i eigne
gangar og gjort kostnadsmessige innsparingar, samstundes som brukarundersøkingar av
tenestetilbodet ved Luranetunet syner at velferda til brukarane er ivaretatt på ein
tilfredsstillande måte. I kommunal sektor generelt vert det freista å produsere tenestene meir
effektivt for å frigjere ressursar til andre formål, eller å auke tenestekvaliteten utan ei
tilsvarande auke i ressursbruken. Kvalitetsreduksjonar kan difor vere eit resultat av at
kommunane sjølv vel å redusere kvaliteten av tenestene, ikkje av konkurranseutsettinga i seg
sjølv.