Postponement – ein strategi for innovative varer med særs kort levetid? : handtering av utfordringar som følgje av eit større vareutval : eit studium av Moods of Norway
dc.contributor.author | Risdal, Møyfrid | |
dc.date.accessioned | 2010-08-31T14:14:59Z | |
dc.date.available | 2010-08-31T14:14:59Z | |
dc.date.issued | 2010 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/168641 | |
dc.description.abstract | Innføre varehandelen vert vareutvalet stadig større. Dette fører med seg ei stor utfordring for aktørane i å tilpasse tilbod til etterspurnad. Denne utfordringa vert handtert på fleire ulike måtar og postponement er ein strategi som har vorte meir og meir populær. Postponement handlar om å utsetje spesifiseringa av produkt til meir informasjon om etterspurnaden er kjent. Ved suksessfull implementering av denne strategien kan aktørar oppnå auka fleksibilitet til å svare på endringar i etterspurnaden og dermed sparte kostnadar. Med utgangspunkt i teori om forsyningskjedeleiing og postponement har eg sett på kva føresetnadar som bør vera oppfylde for at ein skal kunne dra nytte av postponement for å handtere utfordringar som følgjer av eit auka vareutval. Produkt med særs kort levetid fører med seg ei ekstra utfordring når det gjeld implementering av strategien ettersom kort levetid stiller krav til produksjons‐ og transportledetid, samt at prognostisering for eit stort vareutval som stadig vert skifta ut er særs utfordrande. Likevel er det for produkt med særs kort levetid spesielt viktig å kunne nytte seg av den fleksibiliteten postponement fører med seg i forhold til endringar i etterspurnaden. Gjennom ei analyse av forsyningskjeda til Moods of Norway har eg sett på korleis e aktør i motebransjen – ein bransje der produkta er prega av særs kort levetid – kan dra nytte av postponement. Hovudfunnet i oppgåva er at sjølv for produkt med særs kort levetid kan ein dra nytte av postponement. Anten gjennom geografisk postponement for heile forsyningskjeda, eller ved utsett verdiskaping eller full postponement for dei delane av forsyningskjeda kor føresetnadane for suksessfull implementering er oppfylt. | en |
dc.language.iso | nno | en |
dc.subject | økonomisk styring | en |
dc.title | Postponement – ein strategi for innovative varer med særs kort levetid? : handtering av utfordringar som følgje av eit større vareutval : eit studium av Moods of Norway | en |
dc.type | Master thesis | en |
dc.subject.nsi | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Økonomi: 210::Bedriftsøkonomi: 213 | en |
Tilhørende fil(er)
Denne innførselen finnes i følgende samling(er)
-
Master Thesis [4508]