Rekneskap i eit statleg pengespelselskap : ein teoretisk og empirisk studie
Abstract
Formålet med denne utgreiinga er å sette fokus på rekneskap i ikkje – gevinstorienterte organisasjonar ved å ta føre meg rekneskap i den spesielle offentlege organisasjonen Norsk Tipping AS.
Med utgangspunkt i kritikkverdige forhold avdekka i Riksrevisjonen sin utvida revisjon av selskapet, særtrekk ved det statlege pengespelselskapet, samt rekneskapsteori, set eg fokus på rekneskapsbehova i denne organisasjonen. Gjennom dette håpar eg å bevisstgjere behovet for ulik rekneskapsinformasjon i ulike typar organisasjonar.
I teoridelen er hovudfokuset på to kategoriar rekneskap, nemleg lønsemdsrekneskap og finansielle rekneskap. Bokføringsmetodar og rekneskapsmodellar blir gjennomgått, før eg i empiridelen presenterer Norsk Tipping AS og riksrevisjonsrapporten.
I analysen har eg først ein teoretisk analyse av rekneskapskategoriar og rekneskapsmodellar, for deretter å analysere rekneskap og rekneskapsbehov i Norsk Tipping AS.
Til slutt kjem eg med forslag til rekneskapsutarbeidinga i Norsk Tipping, forslag til vidare praksis og rekneskapsreglar i ikkje – gevinstorienterte organisasjonar generelt, samt forslag til vidare studiar.