Kva påverkar straumprisen? : ei empirisk analyse av Nord Pool
Abstract
Denne empiriske analysen ser på kva for faktorar som har påverka spotprisdanninga på den nordiske kraftbørsen Nord Pool frå 1995 til 2011. Ved hjelp av økonometriske teknikkar blir det gjennom sju regresjonsmodellar inngåande studert på kva måte faktorar som fyllingsgrad, turnover (omsetting), temperatur og oljepris påverkar spotprisen på Nord Pool. Hovudfunnet er at fundamentale hydrologiske faktorar påverkar spotprisen. Mellom anna har det vist seg i denne tidsperioden at om temperaturen aukar, så vil spotprisen bli redusert. Fyllingsgrad i vassmagasina viser seg også å påverke på same vis. Når fyllingsgrada aukar, så vil spotprisen bli redusert. Effekten er sterkast når det er lav kapasitet i vassmagasina. Meir konkret Viser denne utredninga at om fyllingsgrad aukar med 10 % ved låg kapasitet i vassmagasina, så blir spotprisen i gjennomsnitt redusert med cirka 7 øre/kWh. Likeeins finn eg at om fyllingsgrad aukar med 10 % ved høg kapasitet i vassmagasina, så blir spotprisen i gjennomsnitt redusert med cirka 6 øre/kWl1. I tillegg kan det sjå ut som at nokre andre faktorar er med på å påverke spotprisdanninga. Oljeprisen viser seg i mindre grad å påverke spotprisen. Her går påverknaden derimot i motsatt retning i forhold til dei andre variablane. Det vil seie at når oljeprisen aukar med 10 US dollar pr fat, så vil spotpriseni gjennomsnitt auke med cirka 1 øre/kWh. Ein skal likevel vere forsiktig med å tolke desse koeffisientane veldig pedantisk då det heftar stor usikkerheit ved dei, og i og med at dei er svært enkle å justere ved å legge til eller fjerne enkelte variablar i modellen.