Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEkerhovd, Nils-Arne
dc.contributor.authorNøstbakken, Linda
dc.contributor.authorSkjeret, Frode
dc.date.accessioned2015-10-05T06:50:35Z
dc.date.available2015-10-05T06:50:35Z
dc.date.issued2015-05
dc.identifier.isbn978-82-491-0888-6 (elektronisk versjon)
dc.identifier.isbn978-82-491-0887-9 (trykt versjon)
dc.identifier.issn0803-4036
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2178736
dc.description.abstractSamfunns- og næringslivsforskning (SNF) AS har fått i oppdrag av Skatteetaten og Fiskeridirektoratet å undersøke utbreiinga og omfanget av under- og feilrapportering av fangstar i fiskeria og under- og feilrapporteringa av produksjon og omsetnad i lakseoppdrettsnæringa, samt kva som kjenneteiknar dei som driv med denne type aktivitet. Me har gjennomført både teoretiske og empiriske analyser av åtferda til aktørar i fiskeri- og havbruksnæringa som kastar lys over incentiva for under- og feilrapportering og som gir indikasjonar på under kva tilhøve ein kan forvente slik åtferd På eit meir overordna nivå sit me att med to konklusjonar. For det fyrste er me overraska over kor detaljerte data som vert samla inn frå havbruks- og fiskerinæringa, utan at dette vert samla saman og analysert med tanke på mogleg feilrapportering og skatte- og avgiftsunndraging. Me vil difor tilrå at ein vurderar å samle dei ulike data som finst i forskjellige delar av regulerings- og handhevingssystemet (fiskeri, skatt, toll, mattilsyn, m.fl.), med mål om å kunne følgje fisken frå fiskefelt via mottak til eksport. Ved også å samordne rutinane for føring av fiskerirelatert eksport- og importstatistikk med handelspartnarane våre, vil ein kunne følgje fisken endå lenger. Dess betre oversikt ein har, dess lettare vil det verte å setja datamateriale i system og analysera det (gjerne kontinuerleg), og enklare vil ein kunne avsløre eventuell feilrapportering i ulike ledd. Den andre konklusjonen gjeld bruken av minsteprisordninga. Resultata våre viser nemleg at dess meir minsteprisen bind, til lågare vert rapportert kvantum og kvalitet, noko som tydar på underrapportering for å omgå minsteprisen. Ved å underrapportere kvalitet vil ein lågare minstepris gjelde, noko som gjer at ein endar opp med ein reell pris som ligg under minstepris. Minsteprisen kan difor gi sterke incentiv for feilrapportering av fangstar, noko som har minst to kostnadar for samfunnet: det kan medføre skatte- og avgiftsunndraging og det har konsekvensar for bestandsutviklinga og reduserar kvaliteten av landingsdata for bruk i ressursforvaltinga. Dagens minsteprisordning er dermed ikkje eit godt vern for dei minste aktørane, etter som dei på grunn av sin svake forhandlingsposisjon lettare vil kunne verte pressa til å akseptere feilrapportering på sluttsettelen for å omgå minsteprisen, samstundes som det medfører betydelege kostnadar for samfunnet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherSNFnb_NO
dc.relation.ispartofseriesRapport;2015:4
dc.titleUlovleg omsetnad i fiskeri- og havbruksnæringanb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Economics: 210::Economics: 212nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel