dc.description.abstract | I denne mastergradsavhandlinga er det gjort rede for utvikling i bustadmønster i Stor-Oslo og
Oslo kommune. Gjennom resultat frå segregasjonsindeksar konkluderast det med at Stor-Oslo er
moderat segregert, og at det har vore ein svak reduksjon i segregasjonsnivå over tid. For Oslo
kommune åleine viser derimot resultata ein svak auke i segregasjon. I samband med ein dynamisk
segregasjonsmodell, hevdast det at Oslo kommune kan vere inne i ein segregasjonsgenerert
migrasjonsfase. I tillegg til analyse av bustadmønster, vurderast det korleis skulekvalitet og
nabolagstrekk påverkar bustadpris. Resultata tyder på at skulekvalitet kapitaliserast i bustadprisar,
ved at bustadar lokalisert i skulekretsar med høg skår på nasjonale prøvar krev ein prispremie.
Det er også eit sterkt positivt forhold mellom bustadpris og samansetting av landbakgrunn, samt
inntekts- og utdanningsnivå i nabolag. | nb_NO |