Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJohannessen, Tor Askild Aase
dc.contributor.authorHolmberg, Henrik J.F.
dc.date.accessioned2017-03-02T08:35:30Z
dc.date.available2017-03-02T08:35:30Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2432643
dc.description.abstractOmsetnaden for økologisk mat og lokalmat i Noreg har truleg auka vesentleg dei siste åra. Særleg kan dette gjelde omsetnaden for lokalmat. I denne studien vert det undersøkt kva endringar det økologiske slakteriet og gründerverksemda Vikja As kan gjere med drifta for å kapitalisere på desse trendane i matmarknaden. Studien startar med ei kort historisk analyse før ei meir djuptgåande analyse av verksemdsmodellen til Vikja. Verksemda har slite med lav omsetnad i fleire år og her vert det nytta teoretiske rammeverk for å identifisere potensielle manglar ved verksemdsmodellen. Vidare vert det gjennomført ei marknadsanalyse for å eventuelt stadfeste dei påståtte trendane. Det blir fokusert på dei store aktørane i den norske matvaremarknaden: staten, daglegvarekjedene og forbrukarane. Funna frå verksemds- og marknadsanalysen blir sett saman i ein SWOT-modell for å gi eit heilskapleg bilete av kva eksterne truslar og moglegheiter Vikja står ovanfor. Modellen vil danne grunnlaget for endringsforslaga av verksemdsmodellen, noko som skal gjere Vikja i stand til å kapitalisere på trendane i matvaremarknaden. Med utgangspunkt i utvalde teoriar og analyser finn ein at Vikja i stor grad har ein profil som fell saman med trendane i matvaremarknaden. Staten har sidan 2009 hatt som mål å auke omsetnaden av økologiske matvarer og sidan 2015 mål om å auke omsetnaden av lokalmat. Daglegvarekjedene satsar i større grad på økologisk mat, då dei reknar marknaden for moden. For å differensiere i høve til kvarandre, opnar no kjedene for lokalmat i butikkane. Forbrukarar i Noreg favoriserer i større grad enn før økologisk mat og lokalmat i høve til konvensjonelt produsert mat. Grunnen til at Vikja har misslykkast med å kapitalisere på desse trendane til no, er i hovudsak mangel på marknadskommunikasjon og salsaktivitetar. Desse faktorane har i største grad bidrege til manglande omsetnad. Endrar ein verksemdsmodellen slik at Vikja kanaliserer meir ressursar i retning sals- og marknadskommunikasjonskanalar som leier til relevante kundemålgrupper, er det grunn til å tru at Vikja vil auke omsetnaden vesentleg.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectstrategi og ledelsenb_NO
dc.titleVikja : korleis kan eit økologisk slakteri kapitalisere på økologi- og lokalmat-trendane i norsk matvaremarknad?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodenhhmasnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel