Nova Sea AS : strategisk rekneskapsanalyse og verdivurdering
Abstract
Målet med masteroppgåva er å estimere eigenkapitalverdien til Nova Sea AS, heretter Nova
Sea, per 31.12.2015, og synleggjere uvissa i verdiestimatet. Dette vert gjennomført ved å
nytte teknikken fundamental verdivurdering, supplert med komparativ verdivurdering. Det
fundamentale verdiestimatet per aksje i Nova Sea er 11 227 kr. Estimatet gjev eit pris/bokforhold
på 2,8, som viser at verksemda skaper tydelege meirverdiar. Dette er konsistent med
at den strategiske rekneskapsanalysen avdekkjer ein historisk strategisk fordel på 23,5 %, som
skuldast både ein bransjefordel og ein ressursfordel. Hovudårsaka til den strategiske fordelen
er ressursfordelen, som skuldast ein marginfordel grunna lågare varekostnader. Ressursane
«lokalt eigarskap» og «lokasjonsval» gjev opphav til den interne ressursfordelen, og dannar
grunnlaget for meirverdiane til Nova Sea.
Verdiestimatet gjev eit pris/forteneste-forhold på 10, som er lågt samanlikna med
eigenkapitalkravet. Dette heng saman med at strategisk fordel fell på horisonten, grunna at
konkurransekreftene verkar. Framvekst av hav- og landbasert oppdrett er venta å auke den
interne rivaliseringa framover, slik at bransjefordelen går mot null på horisonten. Den
strategiske fordelen til Nova Sea stabiliserer seg på 5,3 %. Hovudårsaka til den varige
fordelen er ein rein ressursfordel på 3,0 % knytt til ressursen «lokalt eigarskap».
Justering for kort konkursrisiko gjev eit verdiestimat per aksje på 11 205 kr. Uvissa i
verdiestimatet vert synleggjort ved gjennomføring av simulerings- og sensitivitetsanalyse.
Analysen av uvisse viser ein variasjonskoeffisient på 30 %, og avdekkjer at det er utviklinga i
netto driftsmargin på mellomlang sikt som er mest kritisk for verdiestimatet.
Estimatet basert på komparativ verdivurdering er 15 818 kr per aksje, som tilseier at det
fundamentale verdiestimatet undervurderer meirverdiane til Nova Sea. Ved å vekte det
konkursjusterte estimatet på 11 205 kr per aksje med komparativt estimat, er det endelege
verdiestimatet per aksje i Nova Sea 12 358 kr.