Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorArve, Malin
dc.contributor.authorBakke, Kristoffer Aarsland
dc.date.accessioned2023-02-24T12:59:09Z
dc.date.available2023-02-24T12:59:09Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3053923
dc.description.abstractDenne masteravhandlinga undersøker i kva grad innovative offentlege anskaffingar er ein eigna metodikk i ein bransje som oppfattast som konservativ. Innovative offentlege anskaffingar er eit stadig meir populært verkemiddel, og det blir vist til mange positive verknader ved denne metodikken både for den offentlege aktøren og for samfunnet for øvrig. Slike anskaffingsprosedyrar er mellombels meir ressurskrevjande enn konvensjonelle anskaffingar, og det er derfor grunn til å stille spørsmål ved om gevinstane overstig meirkostnadene. Særleg aktuelt er dette spørsmålet for bransjar som i utgangspunktet reknast som konservative. I tillegg til å vere ein bransje som blir rekna som konservativ, er kraftbransjen eit særleg aktuelt område for innovasjon, ettersom bransjen står overfor store utfordringar som kan ha behov for å finne nye løysningar på. Problemstillinga til studien er: «Kor godt eigna er innovative offentlege anskaffingar for den norske kraftbransjen?». For å svare på denne problemstillinga, er det gjennomført ein eksplorativ casestudie med ein kvalitativ metode. Studien har blitt utført i miljøet rundt nettselskapet Lnett, og data er innhenta gjennom fem semistrukturerte intervju med informantar frå nettselskapet og nokre av dei mest sentrale leverandørane deira. Basert på tilgjengeleg litteratur, er det utarbeidd eit konseptuelt rammeverk for studien. Dette rammeverket tar føre seg korleis ulike karakteristikkar ved bransjen påverkar potensialet for innovative offentlege anskaffingar, alternativt om dei utgjer barrierar eller innvendingar mot at slike anskaffingsprosedyrar er eigna. Funn i studien viser studien at innovasjonar i kraftbransjen har medført mange positive verknader, men at potensialet for innovative offentlege anskaffingar ikkje er til stades for alle behovskategoriar. Det er ikkje identifisert barrierar som det ikkje vil vere mogleg å overkome, men det vil vere behov for at selskapa gjer endringar i si tilnærming til risikostyring, marknadsdialog og kravspesifikasjonar. Det er ikkje identifisert vesentlege innvendingar som tilseier at innovasjon ikkje vil gi nytte for bransjen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectøkonomisk styringen_US
dc.titleKor godt eigna er innovative offentlege anskaffingar for den norske kraftbransjen? Ein casestudie om ein bransje som oppfattast som konservativen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodenhhmasen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel