Show simple item record

dc.contributor.advisorValle, Roald
dc.contributor.authorDyngen, Eirin
dc.contributor.authorHugaas, Hilde Fiske
dc.date.accessioned2024-08-29T12:43:03Z
dc.date.available2024-08-29T12:43:03Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3149089
dc.description.abstractMasteroppgåva vår er basert på ein kvalitativ studie som undersøkjer rektorar sitt handlingsrom i arbeid med elevar sitt skulenærvær. Vi har sett på korleis rektorar sjølve skildrar sitt arbeid med saker knytt til skulefråvær, og korleis dei jobbar for elevar sitt skulenærvær. For å svare på problemstillinga har vi nytta intervju som metode, og vi har intervjua sju rektorar i Noreg. Som eit teoretisk rammeverk i oppgåva har vi støtta oss til forsking knytt til leiing, samt sett på korleis kontekst påverkar rektorar sitt handlingsrom. Gjennom studien har vi utvikla ein modell for å skissere rektor sitt handlingsrom. Vi har lagt vekt på korleis rektorar snakkar om tematikken, og i den samanheng har det vore naudsynt å drøfte språk og omgrep knytt til temaet. Vi er sjølve skuleleiarar, og opplever i praksisfeltet at elevar har eit større omfang av skulefråvær no enn tidlegare. Samstundes ser vi at rektorane er usikre på korleis dei skal handtere desse sakene, og som ein av informantane våre sa: «Vi skyt litt i alle retningar». Både Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet har peika på at det er behov for betre oversikt over omfanget av saker ute i skulane. 1.august 2024 trer den nye opplæringslova i kraft, og frå denne dagen er kommunane pliktige til å setje inn tiltak dersom elevar har skulefråvær. Vi har analysert funna våre opp mot relevant teori. På bakgrunn av analysen vil vi peike på at det er behov for vidare forsking på området, samt tydelegare rammer frå styresmaktene. Det er behov for eit felles språk innan denne tematikken, og det må verte avklart korleis vi skal forstå desse sakene. Tilsette i skulen treng klare føringar for å lukkast i arbeidet med elevar sitt skulenærvær.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.title«Vi skyt litt i alle retningar» Rektor si skildring av handlingsrommet i arbeid med elevar sitt skulenærværen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodenhhmasen_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record