Konkurransen mellom norske internettleverandørar
Research report
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/164777Utgivelsesdato
2000-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Reports (SNF) [542]
Sammendrag
Denne rapporten omhandlar konkurransen mellom internettleverandørane på den norske marknaden frå om lag 1997 til våren 2000. Hovudformålet har vore å analysere kva effektar ulike innelåsingsstrategiar har på konkurransen med utgangspunkt i teori om prisingsadferd og byttekostnader. Det er mange eksempel på innelåsingsstrategiar blant leverandørane; Koplingssal og bindingstid, ulike lojalitetsprogram og prisstrukturar, samt (utnytting av) manglande portabilitet er virkemiddel som går igjen. Formålet med dette frå leverandørane si side er dempa konkurranse og større marknadsmakt, som kan gi grunnlag for prisdiskriminering og høgare prising. Frå hausten 1999 har vi likevel opplevd auka konkurranse og priskrig. To resultat frå teorien og analysen kan bidra med å forklare denne utviklinga; Utsikter til framtidig marknadsmakt kan friste til nyetablering i marknader med byttekostnader. Dei må ta ein låg pris for å trekkje til seg innelåste kundar, medan etablerte tilbydarar må setje ned prisane for ikkje å tape for store marknadsdelar. Er det heterogenitet blant konsumentane vil det gi endå større insentiv for ein potensiell nyetablerar å gå inn i marknaden og underkutte prisane til dei etablerte leverandørane. Grunnen til dette er at ein i tillegg til å trekkje til seg høgetterspørsels-konsumentar frå konkurrentane kan auke profitten ved at lågetterspørselskonsumentar som ikkje kjøper under "monopolprising" kjem inn i marknaden.
Utgiver
SNFSerie
Rapport2000:48