Konsekvensar ved ulike typar strukturering/kapasitetstilpassing i pelagisk sektor
Research report
View/ Open
Date
2012-01Metadata
Show full item recordCollections
- Reports (SNF) [542]
Abstract
Hovudmålet med denne studien er å kartleggje korleis endringar i foredlings- og produksjonskapasiteten kan påverke lønnsemda i den pelagiske konsumindustrien. Kort sagt: Kva er optimal struktur gitt ulike føresetnader? Dersom råstofftilgangen hadde vore konstant og nokolunde stabil over tid, ville vi hatt ein eintydig kapasitet i foredlingsindustrien. Om denne vart realisert, ville det heller ikkje vore noko problem med overkapasitet; ein ville hatt full utnytting av kapasiteten heile tida. Det er stort sett dette problemet vi har via merksemd i dette prosjektet. Det må likevel takast atterhald om at føresetnaden om stabile kvoter ikkje er realistisk. I røynda er fiskekvotene både usikre og ustabile, og det er vidare periodar med aukande eller avtakande trendar i kvotene som speglar dei biologiske tilhøva og forvaltninga av bestandane. Gitt denne usikkerheita blir det å skulle bestemme optimal kapasitet straks meir komplisert. Den gjennomgåande konklusjonen basert på økonomisk teori er at det vil aldri lønne seg å ha stor nok kapasitet til å kunne ta alle tenkelege kvoter uansett kor store dei er. Spesielt dersom veldig store kvoter er svært sjeldne, vil det ikkje vere lønnsamt å ha ledig kapasitet for å kunne ta desse. Då er det betre heller å levere overskottet i utlandet eller la det gå til andre formål. Forskjellen mellom den optimale kapasiteten og den kapasiteten som trengs for å ta unna alle realistiske kvoter vil vere større jo større den faste kostnaden knytt til kapasitet er. Sidan den noverande kapasiteten synes å ha vore stor nok til å ta unna alle landingar dei siste åra og også alle realistiske forventa landingar i åra som kjem, kan ein på bakgrunn av det som står over konkludere med at kapasiteten per i dag er for stor. Skal ein oppnå ein reduksjon av kapasiteten som tilsvarar det som ville vore optimalt med dei mest optimistiske utsiktene med omsyn til ressurstilgang, det vil seie sitje at med om lag 30-40 % av dagens kapasitet, utan å ta spesielle verkmiddel i bruk vil det i beste fall ta svært lang tid å nå ”målet”. Dette kunne løysast ved at alle betalte inn til eit struktureringsfond ein viss del av omsetjinga og at bedrifter kunne søke dette fondet om støtte for å kunne avvikle drifta.