Hotellprising : by versus distrikt
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/168039Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master Thesis [4379]
Sammendrag
I vår masteroppgåve har vi sett nærare på kva prisingsprosess og –metode hotell nyttar for
hotellrom. Vi har tatt føre oss hotell i Bergen og Sogn og Fjordane og samanlikna hotella i dei
ulike områda.
Vi vil i første kapittel presentere problemstillinga vår samt korleis vi ønskjer å gå fram for å
løyse denne. Kapittel 2 tek føre seg hotellbransjen der vi og presenterar hotell(marknaden) i
Bergen og Sogn og Fjordane nærare. Deretter går vi gjennom prisingsteori i kapittel 3, før vi i
kapittel 4 tek føre oss teori om metode og argumenterar for vårt val av metode. Kapittel 5
presenterar data frå våre undersøkingar om hotellprising. Her har vi gjennomført intervju
basert på spørjeskjema, samt djubdeintervju, prisundersøkingar og lønnsemdundersøking.
Avslutningsvis trekk vi ein konklusjon basert på det vi har funne ut gjennom arbeidet med
oppgåva.
Undersøkinga syner at det er store forskjellar mellom storbyen Bergen og grisgrendte Sogn
og Fjordane på korleis prisinga føregår. Det har vore ei rivande utvikling i hotellbransjen dei
siste åra, spesielt i Bergen, der stadig meir avanserte prisingssystem er tatt i bruk.