Finanskrisas påverknad på norske bedrifters lønsemd
Abstract
Denne oppgåva analyserar norske bedrifters lønsemd i perioden 1999 til 2008 med særleg vekt på endring i lønsemd mellom 2007 og 2008. Vi lagar eit utval av representative norske bedrifter gjennom å fjerne selskap som av ulike grunnar ikkje er eigna som analysegrunnlag. Vi kalkulerar så fire lønsemdmål og drøftar lønsemdutviklinga i perioden på to utval der storleiken på selskapa er ulik. Deretter føretek vi analyserar av nedskrivingar, gjeldsgrad og utbytte, samt utvalte storleikar som påverkar desse. Til slutt gjennomfører vi ei rekkje regresjonsanalysar som peikar på årsakssamanhengar mellom endring i lønsemdprestasjonar i 2008 og bedriftsspesifikke tilhøve som vekst, lønsemd og gjeldsgrad i forkant av krisa.
Vi finn at lønsemda for dei fleste selskapa vert redusert i 2008, medan spreiinga i lønsemd aukar kraftig. Vi finn også at endring i lønsemd dels kan forklarast med tidlegare års vekst og lønsemd, samt gjeldsgrada ved inngangen til kriseåret.