Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAlværen, Marianne
dc.contributor.authorHystad, Therese
dc.date.accessioned2010-08-31T09:15:53Z
dc.date.available2010-08-31T09:15:53Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/168611
dc.description.abstractBalansert målstyring er eit styringssystem som har hatt eit gjennombrot dei siste åra, og denne masterutgreiinga gjev eit innblikk i korleis balansert målstyring fungerar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi samla inn data ved hjelp av kvalitative intervju, og ved å nytte grounded theory har vi forsøkt å finne samanhengar i data som forklarar effektane av å innføre balansert målstyring. Vi var spesielt interesserte i systemet som eit kommunikasjonsverktøy, og då om balansert målstyring fører til at visjon og strategi vert formidla ned til dei tilsette slik at dei forstår si rolle i å nå bedrifta sine overordna mål og klarar å vurdere optimal eigeninnsats i forhold til banken si måloppnåing. Våre resultat viser at forståinga til dei tilsette i banken har endra seg i positiv retning, men ikkje til det som er optimalt i følgje teorien. Det at dei har fått auka forståing har ikkje hatt noko særleg innverknad på handlingane deira, men banken har likevel lukkast med å operasjonalisere strategien slik at dei tilsette til ei viss grad handlar i tråd med visjonen. Gjennom analysen viste det seg at også andre faktorar vart påverka av balansert målstyring. Det som merka seg ut var at dei tilsette vart meir fokuserte og medvetne på kva banken ynskjer å oppnå og kva dei sjølve kan gjere for å bidra, noko som gav dei tilsette retningslinjer å handle ut frå. Ein viktig drivar var det å ha personlege mål, samstundes som leiartype var ein avgjerande medierande variabel.en
dc.language.isonnoen
dc.subjectøkonomisk styringen
dc.titleMeir enn mote? : ei undersøking av balansert målstyring i Sparebanken Sogn og Fjordaneen
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Økonomi: 210::Bedriftsøkonomi: 213en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel