Læring og kunnskapsdeling i ein prosjektbasert organisasjon : ein casestudie gjennomført i Wärtsilä
Abstract
Vi har valt å skrive masterutgreiinga vår om læring og kunnskapsdeling i ein prosjektbasert
organisasjon. Utgreiinga er ein casestudie utført i samarbeid med Wärtsilä, ei bedrift som
opererar i energisektoren og den maritime marknaden. Bruken av prosjektbasert organisering
er blitt meir utbredt blant bedrifter i dag og det ligg eit stort potensiale for læring i, og mellom
prosjekt i slike bedrifter.
For å samle inn data til oppgåva har vi nytta ein kvalitativ metode og gjennomført semistrukturerte
intervju med åtte prosjektmedlem. På denne måten har vi komme nært innpå
intervjuobjekta våre og fått ei moglegheit til å gå i djupna på temaområdet vårt.
Vi starta med å velje ut fire faktorar som vi hadde ei antaking om at kunne påverke bruk av
læringsmekanismar og der i gjennom læring og kunnskapsdeling. Dei fire faktorane var
prosjektleiar, virtuelle prosjektgrupper, tillit og patentbruk. Basert på teorien vår utarbeida vi
ein forskingsmodell og laga arbeidshypotesar og forskingsspørsmål til kvar av faktorane. Vi
fann at prosjektleiar og tillit til kollegaer på både prosjekt og avdeling fremmar bruk av
læringsmekanismane og bidrar med dette til læring og kunnskapsdeling. Bruken av virtuelle
prosjektgrupper ser derimot ut til å kunne redusere bruken av læringsmekanismane. Vidare
fann vi at patentbruk ikkje har nokon innverknad på dei tilsette i Wärtsilä sin vilje til å dele
kunnskap. I tillegg til å sjå på faktorane så avdekka vi kva for nokre læringsmekanismar det er
tilrettelagt for i Wärtsilä og fann at tid reduserer moglegheita dei tilsette har til å ta dei i bruk.
Vi har også plassert Wärtsilä inn i eit av Prencipe og Tell (2001) sine tre læringslandskap, det
trappeforma landskapet. Likevel avviker dei litt frå den kategorien på grunn av den sentrale
rolla avdelinga og avdelingsleiar spelar i prosessen med læring og kunnskapsdeling.