Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLundøy, Ingunn F.
dc.contributor.authorSortland, Karina H.
dc.date.accessioned2013-08-13T11:01:44Z
dc.date.available2013-08-13T11:01:44Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/169903
dc.description.abstractVi har valt å skrive masterutgreiinga vår om læring og kunnskapsdeling i ein prosjektbasert organisasjon. Utgreiinga er ein casestudie utført i samarbeid med Wärtsilä, ei bedrift som opererar i energisektoren og den maritime marknaden. Bruken av prosjektbasert organisering er blitt meir utbredt blant bedrifter i dag og det ligg eit stort potensiale for læring i, og mellom prosjekt i slike bedrifter. For å samle inn data til oppgåva har vi nytta ein kvalitativ metode og gjennomført semistrukturerte intervju med åtte prosjektmedlem. På denne måten har vi komme nært innpå intervjuobjekta våre og fått ei moglegheit til å gå i djupna på temaområdet vårt. Vi starta med å velje ut fire faktorar som vi hadde ei antaking om at kunne påverke bruk av læringsmekanismar og der i gjennom læring og kunnskapsdeling. Dei fire faktorane var prosjektleiar, virtuelle prosjektgrupper, tillit og patentbruk. Basert på teorien vår utarbeida vi ein forskingsmodell og laga arbeidshypotesar og forskingsspørsmål til kvar av faktorane. Vi fann at prosjektleiar og tillit til kollegaer på både prosjekt og avdeling fremmar bruk av læringsmekanismane og bidrar med dette til læring og kunnskapsdeling. Bruken av virtuelle prosjektgrupper ser derimot ut til å kunne redusere bruken av læringsmekanismane. Vidare fann vi at patentbruk ikkje har nokon innverknad på dei tilsette i Wärtsilä sin vilje til å dele kunnskap. I tillegg til å sjå på faktorane så avdekka vi kva for nokre læringsmekanismar det er tilrettelagt for i Wärtsilä og fann at tid reduserer moglegheita dei tilsette har til å ta dei i bruk. Vi har også plassert Wärtsilä inn i eit av Prencipe og Tell (2001) sine tre læringslandskap, det trappeforma landskapet. Likevel avviker dei litt frå den kategorien på grunn av den sentrale rolla avdelinga og avdelingsleiar spelar i prosessen med læring og kunnskapsdeling.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectstrategi og ledelseno_NO
dc.subjectøkonomisk styringno_NO
dc.titleLæring og kunnskapsdeling i ein prosjektbasert organisasjon : ein casestudie gjennomført i Wärtsiläno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Economics: 210::Business: 213no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel