• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Norges Handelshøyskole
  • Thesis
  • Master Thesis
  • View Item
  •   Home
  • Norges Handelshøyskole
  • Thesis
  • Master Thesis
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Kan bevisstgjering brukast som eit verkty til å auke revisor si utøvingsgrad av profesjonell skepsis? : ein eksperimentell studie

Heggøy, Aina Vårdal; Hvidevoll, Ruth Evelyn Sørheim
Master thesis
Thumbnail
View/Open
masterthesis.PDF (1.909Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2403368
Date
2016
Metadata
Show full item record
Collections
  • Master Thesis [3258]
Abstract
Regulatorar verda over har uttrykt bekymring for mangelfull utøving av revisor sin

profesjonelle skepsis i gjennomføring av revisjonsprosedyrar og evaluering av revisjonsprov.

Å utøve profesjonell skepsis inneber at ein stiller spørsmål og er merksam på forhold som kan

indikere mogleg feilinformasjon. Profesjonell skepsis er essensielt innan revisjon, og ein

mangel på det kan føre til redusert revisjonskvalitet. Sjølv om profesjonell skepsis er viktig, er

det eit omstridd omgrep. Medan nokon hevdar at det er ei haldning, meiner andre at det er ein

personleg eigenskap.

I vår studie undersøkjer vi om bruk av bevisstgjering saman med ekspertvurdering kan påverke

revisor si utøving av profesjonell skepsis. Ei ekspertvurdering vert inkludert fordi

Finanstilsynet nyleg har uttrykt bekymring for manglande bevisstheit til korleis ein skal bruke

spesialkompetanse. Ved hjelp av eit 2 (ekspertvurdering/ingen ekspertvurdering) x 2

(bevisstgjering/ingen bevisstgjering) eksperimentelt design studerer vi effekten på revisor si

skeptiske haldning til ein klient og ein ekspert. Effekten vert målt i tre evalueringsresponsar

som til saman utgjer haldninga profesjonell skepsis.

Til studien brukte vi studentar ved Noregs Handelshøgskole (NHH) og BI Oslo som surrogat

for revisorar. For å sikre tilstrekkeleg kunnskap hjå studentane stilte vi eit minstekrav om

gjennomført innføringskurs i revisjon. Studien gav ingen resultat av signifikans frå

bevisstgjeringa, men tilleggsfunn viste at skeptisk haldning av natur, her representert ved Hurtt

score, hadde innverknad på den skeptiske haldninga. Dette funnet er eit bidrag i retning mot at

profesjonell skepsis er ein personleg eigenskap framfor ein tilstand. Med fokus på revisor sine

personlege eigenskapar, kan vidare forsking undersøkje korleis utøvingsgrada av profesjonell

skepsis kan aukast ved hjelp av manipulasjon, andre enn bevisstgjering.

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit