• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Norges Handelshøyskole
  • Thesis
  • Master Thesis
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Norges Handelshøyskole
  • Thesis
  • Master Thesis
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Forsvar mot revisjon : forsvarsdepartementet sin respons på merknadar frå Riksrevisjonen

Gabrielsen, Kirsti Pernille
Master thesis
Thumbnail
Åpne
masterthesis.pdf (1.111Mb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2644025
Utgivelsesdato
2019
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Master Thesis [3748]
Sammendrag
Riksrevisjonen sikrar ikkje at statsrekneskapen er korrekt, men er med å redusera mengda feil.

Eit av hindera på vegen mot ein feilfri rekneskap er at departementa ikkje rettar opp i

manglane Riksrevisjonen påpeiker. I denne utgreiinga har eg, med utgangspunkt i

problemstillinga ”Korleis responderer Forsvarsdepartementet på merknadar frå

Riksrevisjonen?”, gjennomført ein kvantitativ innhaldsanalyse av Forsvarsdepartementet sine

årlege tilsvar til Riksrevisjonen. Departementet uttrykkar motstand mot revisjonen kvart

einaste år.

For å gjennomføra denne analysen har eg utvikla ein skala der eg har definert forskjellige

typar svar, og gjeve dei ein score ut frå kor stor grad av motstand eit departement viser ved å

nytta den typen svar. Ein kan sjå merknadane frå Riksrevisjonen som ein del av det

institusjonelle presset Stortinget legg på FD. Eg har difor vald å støtta meg på ein

kombinasjon av institusjonell teori og ressursavhengnadsteori gjennom Christine Oliver sitt

foreløpige konseptuelle rammeverk for å føreseia strategisk respons gjennom eit sett

predikatorar. Eg har testa predikatorane på Forsvarsdepartementet, og funne støtte for teorien

i resultata mine.

Kva parti forsvarsministeren kjem frå ser ut til å påverka kor stor grad av motstand

Forsvarsdepartementet viser. Det er derimot ingenting som tyder på at leiaren for

Riksrevisjonen si partitilhøyrsle spelar noka rolle.

Vidare forsking på innhaldet i styringsdialogen mellom departementet og etatane, evna til å

prioritera ned oppgåver i offentleg sektor og implementering av nytt eller endra regelverk vil

kunne fortelja oss meir om kvifor departement ikkje klarer å retta opp i feila sine, til trass for

at dei er avdekka av Riksrevisjonen.

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit