Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorRøsok, Kjell Ove
dc.contributor.authorGabrielsen, Kirsti Pernille
dc.date.accessioned2020-02-26T14:10:31Z
dc.date.available2020-02-26T14:10:31Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2644025
dc.description.abstractRiksrevisjonen sikrar ikkje at statsrekneskapen er korrekt, men er med å redusera mengda feil. Eit av hindera på vegen mot ein feilfri rekneskap er at departementa ikkje rettar opp i manglane Riksrevisjonen påpeiker. I denne utgreiinga har eg, med utgangspunkt i problemstillinga ”Korleis responderer Forsvarsdepartementet på merknadar frå Riksrevisjonen?”, gjennomført ein kvantitativ innhaldsanalyse av Forsvarsdepartementet sine årlege tilsvar til Riksrevisjonen. Departementet uttrykkar motstand mot revisjonen kvart einaste år. For å gjennomføra denne analysen har eg utvikla ein skala der eg har definert forskjellige typar svar, og gjeve dei ein score ut frå kor stor grad av motstand eit departement viser ved å nytta den typen svar. Ein kan sjå merknadane frå Riksrevisjonen som ein del av det institusjonelle presset Stortinget legg på FD. Eg har difor vald å støtta meg på ein kombinasjon av institusjonell teori og ressursavhengnadsteori gjennom Christine Oliver sitt foreløpige konseptuelle rammeverk for å føreseia strategisk respons gjennom eit sett predikatorar. Eg har testa predikatorane på Forsvarsdepartementet, og funne støtte for teorien i resultata mine. Kva parti forsvarsministeren kjem frå ser ut til å påverka kor stor grad av motstand Forsvarsdepartementet viser. Det er derimot ingenting som tyder på at leiaren for Riksrevisjonen si partitilhøyrsle spelar noka rolle. Vidare forsking på innhaldet i styringsdialogen mellom departementet og etatane, evna til å prioritera ned oppgåver i offentleg sektor og implementering av nytt eller endra regelverk vil kunne fortelja oss meir om kvifor departement ikkje klarer å retta opp i feila sine, til trass for at dei er avdekka av Riksrevisjonen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectrekneskapen_US
dc.subjectrevisjonen_US
dc.titleForsvar mot revisjon : forsvarsdepartementet sin respons på merknadar frå Riksrevisjonenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodenhhmasen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel