Meir enn mote? : ei undersøking av balansert målstyring i Sparebanken Sogn og Fjordane
Abstract
Balansert målstyring er eit styringssystem som har hatt eit gjennombrot dei siste åra, og denne
masterutgreiinga gjev eit innblikk i korleis balansert målstyring fungerar i Sparebanken Sogn
og Fjordane.
Vi samla inn data ved hjelp av kvalitative intervju, og ved å nytte grounded theory har vi
forsøkt å finne samanhengar i data som forklarar effektane av å innføre balansert målstyring.
Vi var spesielt interesserte i systemet som eit kommunikasjonsverktøy, og då om balansert
målstyring fører til at visjon og strategi vert formidla ned til dei tilsette slik at dei forstår si
rolle i å nå bedrifta sine overordna mål og klarar å vurdere optimal eigeninnsats i forhold til
banken si måloppnåing.
Våre resultat viser at forståinga til dei tilsette i banken har endra seg i positiv retning, men
ikkje til det som er optimalt i følgje teorien. Det at dei har fått auka forståing har ikkje hatt
noko særleg innverknad på handlingane deira, men banken har likevel lukkast med å
operasjonalisere strategien slik at dei tilsette til ei viss grad handlar i tråd med visjonen.
Gjennom analysen viste det seg at også andre faktorar vart påverka av balansert målstyring.
Det som merka seg ut var at dei tilsette vart meir fokuserte og medvetne på kva banken
ynskjer å oppnå og kva dei sjølve kan gjere for å bidra, noko som gav dei tilsette
retningslinjer å handle ut frå. Ein viktig drivar var det å ha personlege mål, samstundes som
leiartype var ein avgjerande medierande variabel.