Verdivurdering av fiskekonsesjonar : teori og empiri
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/169169Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master Thesis [4380]
Sammendrag
I denne oppgåva har vi sett på verdivurdering av konsesjonar, nærare bestemt fiskerettar i ringnotflåten. Føremålet har vore å sjå nærare på utviklinga i konsesjonsprisar i fiskerinæringa dei siste åra. Problemstillinga vår er å kartleggje årsaker til denne utviklinga, og kva faktorar som ligg bak. Vi har òg sett på allokering av meirverdi ved oppkjøp, og det til dels uklare skiljet mellom goodwill og konsesjonar. Gjennom ei spørjeundersøking til reiarane har vi kartlagt utviklinga i konsesjonsprisar, og vi har formulert hypoteser om faktorar som vi meiner kan ha innverknad på konsesjonsverdiane. I regresjonsanalysen vår kom vi fram til at det var antal konsesjonar, levetida på konsesjonane og velferdsutviklinga i samfunnet (målt ved hovudindeksen på Oslo Børs) som hadde mest å seie for verdiane. I samband med oppgåva har vi nytta teoriar og metodar vi har lært frå fleire ulike fag ved Norges Handelshøyskole, mellom anna verdsetjing, strategisk rekneskapsanalyse og finansrekneskap.