Vikja : korleis kan eit økologisk slakteri kapitalisere på økologi- og lokalmat-trendane i norsk matvaremarknad?
Abstract
Omsetnaden for økologisk mat og lokalmat i Noreg har truleg auka vesentleg dei siste åra.
Særleg kan dette gjelde omsetnaden for lokalmat. I denne studien vert det undersøkt kva
endringar det økologiske slakteriet og gründerverksemda Vikja As kan gjere med drifta for å
kapitalisere på desse trendane i matmarknaden.
Studien startar med ei kort historisk analyse før ei meir djuptgåande analyse av
verksemdsmodellen til Vikja. Verksemda har slite med lav omsetnad i fleire år og her vert det
nytta teoretiske rammeverk for å identifisere potensielle manglar ved verksemdsmodellen.
Vidare vert det gjennomført ei marknadsanalyse for å eventuelt stadfeste dei påståtte
trendane. Det blir fokusert på dei store aktørane i den norske matvaremarknaden: staten,
daglegvarekjedene og forbrukarane. Funna frå verksemds- og marknadsanalysen blir sett
saman i ein SWOT-modell for å gi eit heilskapleg bilete av kva eksterne truslar og
moglegheiter Vikja står ovanfor. Modellen vil danne grunnlaget for endringsforslaga av
verksemdsmodellen, noko som skal gjere Vikja i stand til å kapitalisere på trendane i
matvaremarknaden.
Med utgangspunkt i utvalde teoriar og analyser finn ein at Vikja i stor grad har ein profil som
fell saman med trendane i matvaremarknaden. Staten har sidan 2009 hatt som mål å auke
omsetnaden av økologiske matvarer og sidan 2015 mål om å auke omsetnaden av lokalmat.
Daglegvarekjedene satsar i større grad på økologisk mat, då dei reknar marknaden for moden.
For å differensiere i høve til kvarandre, opnar no kjedene for lokalmat i butikkane.
Forbrukarar i Noreg favoriserer i større grad enn før økologisk mat og lokalmat i høve til
konvensjonelt produsert mat. Grunnen til at Vikja har misslykkast med å kapitalisere på desse
trendane til no, er i hovudsak mangel på marknadskommunikasjon og salsaktivitetar. Desse
faktorane har i største grad bidrege til manglande omsetnad. Endrar ein verksemdsmodellen
slik at Vikja kanaliserer meir ressursar i retning sals- og marknadskommunikasjonskanalar
som leier til relevante kundemålgrupper, er det grunn til å tru at Vikja vil auke omsetnaden
vesentleg.