Kor godt eigna er innovative offentlege anskaffingar for den norske kraftbransjen? Ein casestudie om ein bransje som oppfattast som konservativ
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3053923Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master Thesis [4380]
Sammendrag
Denne masteravhandlinga undersøker i kva grad innovative offentlege anskaffingar er ein
eigna metodikk i ein bransje som oppfattast som konservativ. Innovative offentlege
anskaffingar er eit stadig meir populært verkemiddel, og det blir vist til mange positive
verknader ved denne metodikken både for den offentlege aktøren og for samfunnet for øvrig.
Slike anskaffingsprosedyrar er mellombels meir ressurskrevjande enn konvensjonelle
anskaffingar, og det er derfor grunn til å stille spørsmål ved om gevinstane overstig
meirkostnadene. Særleg aktuelt er dette spørsmålet for bransjar som i utgangspunktet reknast
som konservative. I tillegg til å vere ein bransje som blir rekna som konservativ, er
kraftbransjen eit særleg aktuelt område for innovasjon, ettersom bransjen står overfor store
utfordringar som kan ha behov for å finne nye løysningar på.
Problemstillinga til studien er: «Kor godt eigna er innovative offentlege anskaffingar for den
norske kraftbransjen?». For å svare på denne problemstillinga, er det gjennomført ein
eksplorativ casestudie med ein kvalitativ metode. Studien har blitt utført i miljøet rundt
nettselskapet Lnett, og data er innhenta gjennom fem semistrukturerte intervju med
informantar frå nettselskapet og nokre av dei mest sentrale leverandørane deira. Basert på
tilgjengeleg litteratur, er det utarbeidd eit konseptuelt rammeverk for studien. Dette
rammeverket tar føre seg korleis ulike karakteristikkar ved bransjen påverkar potensialet for
innovative offentlege anskaffingar, alternativt om dei utgjer barrierar eller innvendingar mot
at slike anskaffingsprosedyrar er eigna.
Funn i studien viser studien at innovasjonar i kraftbransjen har medført mange positive
verknader, men at potensialet for innovative offentlege anskaffingar ikkje er til stades for alle
behovskategoriar. Det er ikkje identifisert barrierar som det ikkje vil vere mogleg å overkome,
men det vil vere behov for at selskapa gjer endringar i si tilnærming til risikostyring,
marknadsdialog og kravspesifikasjonar. Det er ikkje identifisert vesentlege innvendingar som
tilseier at innovasjon ikkje vil gi nytte for bransjen.