Utnytting av kraftkundar i sluttbrukarmarknaden : analyser av konkurransetilhøvet mellom norske kraftavtalar
Working paper
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/166670Utgivelsesdato
2011-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Working papers (SNF) [809]
Sammendrag
Masteroppgåva omhandlar konkurransetilhøvet mellom norske kraftavtalar i sluttbrukarmarknaden. Som forventa finn ein tydelege bevis på utnytting av innelåste kundar gjennom dyre standard variabelprisavtalar. Ein finn også bevis på at grada av denne utnyttinga har auka etter at kraftleverandørar tok til å nytte prisdiskriminering av kundar meir aktivt. Leverandørane si utnytting av innelåste kundar har halde på lenge, og utnyttinga er ofte sett på som det største problemet for marknaden. I tida framover er det derimot ikkje gitt at utnytting av innelåste kundar, gjennom dyre standard variabelprisavtalar, vil halde fram med å vere det største problemet med marknaden. I dag er 60 % av alle hushald knytt til spotprisavtale, og ein slik prosentdel skulle tyde på mindre utnytting av kundar. Kraftleverandørar nyttar derimot spotprisavtalar utan meldeplikt til å utnytte uvissa kundar har om konkurransedyktige påslag. Avtalar utan meldeplikt blir ikkje registrert i kraftprisoversikta til Konkurransetilsynet, og avtalane blir dermed vanskeleg å samanlikne for kundar. I dag er over halvparten av alle spotprisavtalar utan meldeplikt, og kraftleverandørar oppnår mykje større profitt på desse avtalane enn spotprisavtalar med meldeplikt.