Organisasjonsforsking i Vest-Norge : ei kartlegging av organisasjonsforsking frå Molde til Stavanger i perioden 2000-2004
Working paper
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/165474Utgivelsesdato
2005-04Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Working papers (SNF) [809]
Sammendrag
Vi presenterer her ei oversikt over organisasjonsforskinga på Vestlandet, med vekt på perioden 2000-2004. Vi byggjer på innspel frå kontaktpersonar i fagmiljøa og eigen kunnskap (gjeld NHH/SNF, UIB). Eit tidlegare utkast av notatet vart presentert på NEON-dagen i oktober 2004. Arbeidet er såleis knytta til oppbygginga av ein aktivt ”nettverk for organisasjonsforskning i Norge”. Det er meir informasjon om dette på www.neonnet.no. Det er ikkje mogleg å gi ein eintydig definisjon av organisasjonsfaget eller grensene for kva som er organisasjonsforsking. Vi har lagt ei inklusiv tilnærming til grunn, det vil seia at faget kan omfatta fleire analysenivå og forsking basert på ei rekkje disiplinar. Sett under eitt kjem det fram eit bilete av ei ganske mangfaldig organisasjonsforsking på Vestlandet med omsyn til fag, analysenivå, metodar og grunn- vs. anvendt forsking. Mange stader ser det ut til å vera eit fruktbart samspel lokalt mellom basisinstitusjonar og oppdragseiningar. Når det gjeld innhaldet av forskinga kjem det fram to tyngdepunkt. Det eine omfattar statsvitarar ved eller med bakgrunn i administrasjon og organisasjonsvitskap (UiB), som fokuserer på offentleg sektor og gjerne er skeptiske til økonomiske modellar. Det andre tyngdepunktet omfattar organisasjonsforskarar ved eller med bakgrunn i NHH, som er orienterte mot bedrifter, kvantitative metodar og Academy of Management. Dessutan er det verdt å merka seg at det i tilknytting til det nye Universitetet i Stavanger skjer ei mangfaldig organisasjonsforsking.
Utgiver
SNFSerie
Arbeidsnotat2005:25